Fjellmjølk – reinare vert det ikkje
Når kyrne våre beitar fritt i fjellet, får me ei mjølk som er annleis enn den du finn i butikken. Fjellmjølka er rikare på smak, friskare i fargen og full av næring – og det kjenner du både i grauten, smøret og osten me lagar.
Det er ikkje berre romantikk når me seier at fjellgras, urter og rein luft gjev betre mjølk. Når kua får gå i ro og fred og eta det naturen byr på – ikkje kraftfôr og silo, men friskt gras, blomster og urter – så gjev ho ei mjølk som både smakar og gjer godt. Ho inneheld meir omega-3, antioksidantar og gode bakteriar som styrkjer kroppen. Du kan faktisk både smake og sjå forskjell – ho er gulare av naturleg betakaroten, og rundare i smaken.
Me separerer mjølka fersk, rett etter mjølking. Ingenting er pasteurisert eller homogenisert – alt blir teke vare på og brukt der og då. Det gjer at smør smakar smør, rømme smakar rømme, og ostane våre får den særegne karakteren som berre kjem frå ekte fjellmjølk. Produkta me lagar her oppe treng ikkje juks, for råvarene talar for seg sjøl.
Rein mjølk gjev reine produkt – og det gjer me vårt aller beste for å ta vare på.
Men dette handlar ikkje berre om smak. Når me held fast på tradisjonsmaten, held me òg fast på kunnskap som har gått i arv i generasjonar. Ysting, smørkinning og konservering av mjølk utan straum og maskinar – det er levande handverk, og det krev både erfaring og tid. Om me mister desse tradisjonane, så mister me òg forståinga for kvar maten kjem frå – og kva det krev å laga han.
Og dyra? Dei høyrer til i fjellet. Når kyr, sau og geit beitar i utmarka, held dei kulturlandskapet ope. Dei held att attgroing, gjer plass til ville blomar, insekt og fuglar – og beitet gjev liv til eit mangfald som du ikkje får på flat jord eller i fjøset. Dette samspillet mellom natur og matproduksjon er noko av det mest berekraftige me har – og det skjer her, rett framfor oss, kvar einaste sommar.
Så når du smakar på rømmegrauten, osten eller smøret vårt, smakar du ikkje berre mat – du smakar fjell, sommar, arbeid og handverk. Du smakar stølen.



