Å få drive støl i Fagerdalen er eit privilegium vi aldri tek for gitt. Her får vi vere tett på naturen, dyra og dei gamle tradisjonane – og skape noko med hendene som har røter langt tilbake i tid. Med respekt for landskapet og dei som har gått føre oss, held vi fram med å yste, koke og kinne – og ønskjer å dele glimt frå kvardagen vår med deg. Velkomen inn i fjellet, slik vi opplever det.
