Folk og fe på stølen
Me bufører til støls siste veka i juni – eit høgdepunkt for både folk og fe. Her bur me til langt ut i august, og dagane går med til stell av dyr, mjølking, ysting, koking, servering og småprat med folk som kjem innom.
På stølen har me 12 mjølkekjyr, 5 grisa, 2 sauer, ein hund og ein katt som likar seg best der det er varmt og godt – helst midt i solveggen.
Kjyra gir frisk fjellmjølk kvar einaste dag. Me separera mjølka – fløten brukar me til å laga rømme, som me gjer vidare til smør og rømmegraut. Skummamjølka går til kvit kjyost, og noko syrnar me for å laga surystil – ein slags skjørost, mild og fersk. Litt av den let me stå og modne, då får me både pultost og trøgost – med skikkeleg smak og mykje historie.
Når me har tid og overskot, kokar me prim på mysa. Men stort sett går mysa til grisene, som veks seg store og gode på stølskost. Dei blir slakta i september, og då kjem kjøtet for sal – smaksrikt og kortreist, akkurat som det skal vera.
Sau har me òg – to fine stykker, som går i ei eiga innhegning me rullera kvart år.
Då får graset kvile og me held beitet i hevd. Sauene gjer ein viktig jobb med å halda landskapet ope, og bidreg til at både blomar, insekt og fugl trivst i fjellet.
Hunden held styr på flokken og katten held styr på musene – og begge passar på at det er liv og trivsel på stølen.
Me har open stølskafé og eit lite utsalg når me er her oppe. Der serverer me alt me lagar av mjølka – fersk, ekte mat laga på gamlemåten. Du får smaka fjellet, rett og slett.
Velkomen til støls – til fjell, folk og fe!









